(You Make Me Feel Like) A Natural Woman
From Wikipedia, the free encyclopedia
«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» er ein song frå 1967, gjeven ut på singel av den amerikanske soulsongaren Aretha Franklin på Atlantic. Teksten var skriven av Gerry Goffin etter ein idé av produsenten Jerry Wexler i Atlantic, og musikken var komponert av Carole King. Songen vart skriven for Franklin og singelen vart ein stor hit som nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100, og vart ein av signaturlåtane hennar. Han laga historie i Storbritannia då han gjekk inn på den britiske singellista ei veke etter ho døydde, nesten 51 år etter at songen først kom ut. Han nådde då 79. plassen. Franklin gav òg ut eit konsertopptak av songen på albumet Aretha in Paris in 1968.
(You Make Me Feel Like) A Natural Woman Singel av Aretha Franklin frå albumet Lady Soul | ||
B-side |
Baby, Baby, Baby | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1967 | |
Innspelt | 1967 | |
Studio | American Sound Studio i Memphis i Tennessee | |
Sjanger | soul | |
Lengd | 2:45 | |
Selskap | Atlantic | |
Tekstforfattar | Gerry Goffin | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Jerry Wexler | |
Aretha Franklin-kronologi | ||
«Baby I Love You» (1967) |
(You Make Me Feel Like) A Natural Woman | «Chain of Fools» (1967)
|
Carole King sjølv spelte inn songen i 1971 på albumet sitt Tapestry. Blant dei mange andre versjonane av songen finst versjonar av Mary J. Blige og Celine Dion, som begge kom ut i 1995. På Kennedy Center Honors i 2015, framførte Aretha Franklin songen til ære for prismottakaren Carole King.