Belgisk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Belgisk geografi omfattar geografien til Belgia, eit land i Vest-Europa som ligg mellom Nordsjøen, Frankrike og Nederland. Det har geografiske koordinatar 50°50′N 4°00′E.
Belgia har ei flatevidd på 33 990 kvadratkilometer, og er delt inn i tre geografiske regionar: Kystsletta i nordvest, det sentrale platået og Ardennane i søraust. Kystsletta består hovudsakleg av sanddyner og dikelandskap. Dikelandskapet er landområde nær eller under havnivå, der ein held havet ute ved hjelp av diker, eller sletter som er drenert ved hjelp av kanalar. Det sentrale platået er eit jamnt område som sakte stig innover i landet, og har mange fruktbare dalar og er irrigert av mange vassvegar. Her finn ein òg meir kuperte område, inkludert grotter og små gjel.
Til slutt har ein Ardennane, som er meir kupert enn resten av landet. Det er eit tett og kupert skogområde, som ikkje egnar seg så godt til jordbruk. Området strekkjer seg inn i nordlege delar av Frankrike, og inn i Tyskland, der området heiter Eifel. Det er her ein finn det meste av dyrelivet i Belgia. Det høgaste punktet i Belgia, Signal de Botrange med 694 meter, ligg òg i dette området. Belgia har relativt få naturlege innsjøar, og ingen av dei er store.
Belgia deler grenser med Frankrike (620 km), Tyskland (167 km), Luxembourg (148 km) og Nederland (450 km). Den totale landegrensa er 1 482 km, i tillegg til 73,1 km med kystlinje. Belgia er tilnærma det geografiske midtpunktet i Vest-Europa, og alle dei store hovudstadane i Vest-Europa ligg innanfor 1 000 km frå Brussel, som er hovudsetet for både EU og NATO. Frå søraust til nordvest er landet 280 km langt, og frå nordaust til sørvest 222 km.