Borgarrettsrørsla i USA
From Wikipedia, the free encyclopedia
Borgarrettsrørsla i USA frå 1955 til 1968 var ei politisk rørsle i USA som hovudsakleg arbeidde for å skaffa dei svarte eller afroamerikanske innbyggjarane i landet borgarrettar (som retten til å røysta ved val) på lik linje med kvite, og fjerna rasistisk diskriminering mot svarte amerikanarar. Denne artikkelen dekker den historiske fasen til rørsla mellom 1955 og 1968, særleg i Sørstatane.
Rørsla var karakterisert av betydelege kampanjar av sivil motstand. Mellom 1955 og 1968 var det mange ikkjevaldelege aksjoner og sivil ulydnad som førte til krisesituasjonar mellom aktivistar og styresmakter. Føderale, statlege og lokale styresmakter, forretningar og samfunn måtte ofte svara raskt på desse situasjonane som framheva urettvisa som afroamerikanarar møtte. Former for protestar og/eller sivil ulydnad inkluderte aksjonar som boikott, som Bussboikotten i Montgomery (1955–1956) i Alabama; «sit-ins», slik som den påverknadsrike sit-in-aksjonen i Greensboro (1960) i Nord-Carolina; demonstrasjonsmarsjar, slik som marsjane frå Selma til Montgomery (1965) i Alabama; og ei rekkje andre ikkjevaldelege aktivitetar og politiske demonstrasjonar.
Kjende vinningar i lovverket i denne fasen av borgarrettsrørsla var vedtaket om Loven om borgarrettar frå 1964, som forbaud diskriminering basert på «rase, hudfarge, religion, eller nasjonalt opphav» i tilsetjingsprosessar og innan offentlege tenester (som utdanning og transport); Loven om rett til deltaking i politiske val frå 1965, som gjenoppretta og verna om retten til å røysta; Loven om immigrasjon og nasjonalitet frå 1965 som oppheva det nasjonale kvotesystemet som var blitt innført i USA på 1920-talet og dramatisk opna for innvandring frå andre delar av verda enn Europa; og Loven om borgarrettar frå 1968 (òg kalla for Indianske borgarrettar eller «Fair Housing Act») som la ned forbod mot diskriminering ved sal eller leige av hus eller leilegheiter.[1] Afroamerikanarar fekk høve til å delta i politikken i Sørstatane, og over heile USA blei unge inspirerte til politisk deltaking og handling. Framvoksteren av Black Power-rørsla, som varte frå rundt 1966 til 1975, utvida måla til borgarrettsrørsla til å omfatta etnisk byrgskap, økonomisk og politisk sjølvforsyning og fridom frå undertrykking av kvite amerikanarar.