Borjana Krišto
bosnisk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Borjana Krišto (fødd 13. august 1961) er ein bosnisk kroatisk politikar som har vore statsminister i Bosnia-Hercegovina sidan 25. januar 2023. Ho var tidlegare, frå 2007 til 2011, president i føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ho var den første kvinna i begge desse stillingane.
Borjana Krišto | |||
| |||
Fødd | 13. august 1961 (62 år) Livno | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Bosnia-Hercegovina | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Banja Luka | ||
Alle verv |
|
Krišto er utdanna jurist ved Universitetet i Banja Luka. Etter valet i Bosnia i 2006 blei ho president i Bosnia-Hercegovina-føderasjonen frå februar 2007, eit embete ho hadde fram til mars 2011. I juni 2011 var ho ein av kandidatane til valet som leiar for ministerrådet, men ho blei ikkje vald.
Krišto har sidan 1995 vore medlem av Den kroatiske demokratiske unionen i Bosnia-Hercegovina og ho var kandidaten til partiet til presidentskapet både i 2010 og i 2022, men lykkast ikkje i å bli vald i nokon av desse vala.
I januar 2023, etter det bosniske valet i desember 2022, blei Krišto føreslegen som leiar for ministerrådet og ho blei godkjend av nasjonalforsamlinga i landet. Ho avløyste Zoran Tegeltija.