César-prisen
From Wikipedia, the free encyclopedia
César-prisen, César du cinéma, er ein årleg fransk heiderspris som vart skipa i 1976 for dei beste profesjonelle filmproduksjonane. Prisen gjeld filmar som har hatt premiere mellom 1. januar og 31. desember i året forut for seremonien med prisutdelinga.
César-prisen | |||
| |||
Skipa | 1976 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Paris | ||
Land | Frankrike | ||
Nettstad | http://www.academie-cinema.org/ (engelsk) |
Prisen har namn etter den franske skulptøren med kunstnarnamnet César, César Baldaccini (1921-1998), som har forma den bronsestatuetten som vert delt ut til vinnarane.
César-prisen er ein fransk variant av Oscar-prisen, og slik Oskar-prisen er den viktigaste for dei profesjonelle filmproduksjonane i Sambandsstatane, er César-prisen den viktigaste for dei franske profesjonelle filmproduksjonane. Etter mønster av Oscar-prisen nominerast det i ulike kategoriar, og vinnarane i kvar av kategoriane vert honorert med kvar sin César-pris. Til å byrje med vart det berre delt ut César-prisar i 13 kategoriar, men etter kvart er talet på kategoriar kome opp i 22, med tillegg av 9 underkategoriar.
César-prisen vart skipa av Georges Cravenne (1914–2009, opphavleg namn Joseph Raoul Cohen). Han var ein fransk reklamemann og filmprodusent som tok initiativet til å etablere eit organ med namnet Académie des arts et techniques du cinéma (‘Akademiet for filmkunst og filmteknikk’), som skulle ha til oppgåve å finne fram til og heidre med Cesar-prisen dei mest framifrå prestasjonane, produksjonane og det kunstnariske arbeidet i fransk film. César-prisen overtok etter den årlege franske filmprisen l'Étoile de Cristal (Krystallstjerna), som vart utdelt i perioden frå 1955 til 1975.