Charleroi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Charleroi er den største og viktigaste byen og kommunen i Vallonia og provinsen Hainaut i Belgia med om lag 200 000 innbyggjarar. Tar ein med omlandet rundt byen er det rundt ein halv million innbyggjarar. Innbyggjarane vert kalla Carlorégiens eller berre Carolos.
Meir informasjon Styresmakter, Land Region Provins ...
Charleroi | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Provins |
Belgia Vallonia Hainaut |
Grunnlagd | 1666 |
Geografi | |
Flatevidd | 102,08 km² |
Flatevidd - By |
102,08 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik - Byområde |
421 586 1 972/km² 201 300 |
Koordinatar | 52°25′N 04°26′E |
Høgd over havet | 121 m |
Diverse anna | |
Postnummer | 6000-6061 |
Heimeside: http://www.charleroi.be/ | |
Plassering | |
Plassering av Charleroi i Belgia |
Lukk
Byen, som ligg ved elva Samber, har eit industriområde med jern- og stålindustri, glasfabrikasjon, kjemikaliar, og elektroteknikk. Charleroi er senter for eit stort kolfelt kalla Pays noir. Det ligg framleis mange slagghaugar rundt byen.