Cumulonimbus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Cumulonimbus eller byesky (forkorta CB-sky eller Cb) er ein særskild type sky som kan bli svært høg, og medføre både torevêr og anna dårleg vêr. Skyene kan oppstå kvar for seg, i grupper eller langs kaldfrontar i byelinjer. Cumulonimbus oppstår frå cumulusskyer eller altocumulus castellanus, og kan dannast over heile verda utanom dei kaldaste stroka rundt polane.
| |||
Høgd | 500-4000 m | ||
Utsjånad | Høge, opptårna cumulus. Amboltforma skytopp på incus-stadiet. | ||
Nedbørsky? | Ja | ||
Forkorting | Cb |
Cumulonimbus treng tre faktorar for å oppstå.
- Mykje fukt.
- Varm, ustabil luft.
- Ei energikjelde til å løfte den varme, fuktige lufta raskt oppover.
Skyene kan oppstå i samband med frontlinjer, på varme sommardagar med fuktig luft, eller over fjell der lufta blir pressa oppover.
Når varm luft stig blir ho avkjølt, og vassdampen kondenserer til små vassdropar. Denne kondensasjonen varmar opp den omliggande lufta ved å frigje latent varme, og dermed kan lufta fortsette å stige. Når lufta stig høgt nok blir vassdropane avkjølt og kan danne iskrystallar. Tyngdekrafta som verkar på vassdropane og iskrystallane motverkar dei stigande luftrørslene. Dette kan medføre nedvindar inne i skya. Instabilitet mellom oppdrifta og nedvindane gjer at statisk elektrisitet byggjer seg opp inne i cumulonimbusskya. Utlading av denne elektrisiteten fører til torevêr og lyn.
Om våren og sommaren oppstår cumulonimbusskyer vanlegvis om ettermiddagen pga av oppvarming av jordoverflata. Dei kan derimot også oppstå i samband med kaldfrontar der varm luft blir pressa oppover av tyngre og kaldare luftmassar som kiler seg inn under varmlufta. Dette kan skje kortid som helst på året.