Dômes de Miage
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dômes de Miage er eit 3 673 meter over havet høgt fjell i Mont Blanc-massivet i dei franske Alpane. Grensa mellom det franske departementet Savoie og den italienske provinsen Aostadalen går over fjellet.
Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Dômes de Miage | |||
fjell | |||
Dômes de Miage, sett frå nordvestsida | |||
Land | Frankrike, Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Mont Blanc-massivet | ||
Høgd | 3 673 moh. | ||
Primærfaktor | 324 m | ||
Koordinatar | 45°48′57″N 6°48′0″E | ||
Førstestiging | E.T. Coleman, F. Mollard og J. Jacquemont | ||
- dato | 2. september 1858 | ||
Dômes de Miage 45.8158°N 6.8°E / 45.8158; 6.8 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Dômes de Miage | |||
Lukk
Dômes de Miage har ein om lag to kilometer lang fjellrygg med fem toppar. Fjellryggen strekker seg i retninga sørvest-nordaust, med bratte isbrear og bergvegger på sider. Fire av toppane på bredekte fjellryggen ligg i Frankrike, hovudtoppen skal vere den nest nordlegaste. Men to av toppane er berre 2-3 meter lågare enn hovudtoppen.
Dômes de Miage vart nådd fyrste gongen i 1878 av ein brite i fylgje med to franskmenn.