Den italienske renessansen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Italiensk renessanse var den tidlegaste fasen av renessansen, som var overgangsperioden mellom mellomalderen og tidleg moderne tid (frå slutten av 1300-talet til kring 1600). Omgrepet renessanse er hovudsakleg moderne og kom i bruk på 1800-talet, i arbeida til historikarar som eksempelvis Jacob Burckhardt. Det er vanleg å dela renessansen inn i tidleg renessanse (òg kalla quattrocento) og høgrenessansen. Seinrenessansen blir gjerne kalla for manierismen.
Sjølv om opphavet til retninga, som hovudsakleg var avgrensa til den litterære kulturen, kan sporast attende til første del av 1300-talet, blei mange sider ved italiensk kultur og samfunn verande mellomalderske: renessansen kom ikkje fullt i gang før på slutten av hundreåret. Ordet «renessanse» (rinascimento på italiensk) tyder 'gjenføding', og tida er mest kjent for den fornya interessa for den antikke oldtidskulturen, som oppstod etter den perioden som humanistane til renessansen kalla nedsettande for «den mørke tidsalderen» eller «mellomalderen», det vil seia perioden mellom antikken og deira eiga tid. Sjølv om endringane var betydelege var dei konsentrert til eliten og dei øvste klassane i samfunnet, og for den store majoriteten av folkesetnaden var livet lite endra frå mellomalderen.
Den italienske renessansen byrja i Toscana, og var sentrert rundt byar som Firenze og Siena. Han hadde seinare ein betydeleg innverknad på Venezia, der levninger frå antikk gresk kultur blei samla og tilførte nye impulsar til humanistiske forskarar. Renessansen hadde seinare òg ein betydeleg effekt på Roma, som blei utsmykka med nokre strukturar i den nye moten all'antico, og deretter ombygd av pavane på 1500-talet. Den italienske renessansen hadde eit høgdepunkt på slutten av 1400-talet. På denne tida sende utanlandske invasjonar sende regionen inn i kaos og uro (Dei italienske krigane). Likevel spreidde idene og ideala frå den italienske renessansen seg til resten av Europa og utløyste den nordlege renessansen, sentrert om Fontainebleau i Frankrike og Antwerpen i dagens Belgia, og den engelske renessansen.
Den italienske renessansen er best kjent for dei kulturelle manifestasjonane sine. Dei inkluderer litterære verk av forfattarar som Francesco Petrarca, Baldassare Castiglione, og Niccolò Machiavelli. Italia fekk òg store arkitektoniske meisterverk, som domkyrkja i Firenze og ikkje minst Peterskyrkja i Roma. Dagens historikarar ser tidsepoken som ein økonomisk tilbakegang, og liten framgang skjedde innan vitskapen, som gjorde store hopp framover i den protestantiske kulturen på 1600-talet.