![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/19/Flag_of_Nicaragua.svg/langnn-640px-Flag_of_Nicaragua.svg.png&w=640&q=50)
Det nicaraguanske flagget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det nicaraguanske flagget blei teke i bruk i Nicaragua den 4. september 1908, men blei først teke i bruk som nasjonalflagg den 27. august 1971. Utforminga av flagget byggjer på flagget til Den mellomamerikanske føderasjonen. Det er vassrett delt i blått, kvitt og blått. I midten av den kvite stripa er det nicaraguanske riksvåpenet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/19/Flag_of_Nicaragua.svg/640px-Flag_of_Nicaragua.svg.png)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/68/FIAV_111111.svg/23px-FIAV_111111.svg.png)
Det nicaraguanske flagget har mange likskapar med det til El Salvador og det til Honduras, som også har tre vassrette striper i dei same fargane. Desse landa utgjorde saman med Guatemala og Costa Rica den mellomamerikanske føderasjonen frå 1823. Denne unionen hadde frå byrjinga nettopp blått, kvitt og blått i sitt flagg.
Flagget med riksvåpen gjer teneste som nasjonalflagg, handelsflagg, statsflagg og orlogsflagg, men kan også nyttast utan riksvåpen, då som alternativt nasjonalflagg.