Døveprostiet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Døveprostiet står i ei særstilling innan Den norske kyrkja. Det er det einaste prostiet som ikkje arbeider innanfor eit geografisk område, men blant ei gruppe i folket, nemleg dei døve. Døveprostiet høyrer under Oslo bispedømme.
Prostiet er inndelt i sju sokn.
Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Døvekirkens fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet.