Fidel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fidel (ፊደል fidɜl) er ein abugida som vart laga for å skrive det semittiske språket ge'ez (ግዕዝ ɡɨʕɨz) eller gamaletiopisk, og som i dag blir brukt til å skrive dei semittiske språka amharisk, tigrinja og ein del andre språk i Etiopia og Eritrea. Ein skriv fidel frå venstre mot høgre, i liner ovanfrå og nedover.
På amharisk tyder ordet ፊደል fidɜl eigentleg 'bokstav'.