Fortau
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit fortau er eit felt reservert for fotgjengarar og rullestolbrukarar langsetter ei gate eller ein veg med biltrafikk. Ofte er fortauet avgrensa frå gata eller vegen ved å liggje på eit litt høgare nivå enn køyrebana på vegen. I vegkryss eller andre stader der det er markert fotgjengarovergang over gata eller vegen, er det gjerne laga ei utjamning mellom fortauet og køyrebana, slik at det skal vere lettare å krysse gata med rullestol eller barnevogn.
I Noreg er det lovleg å sykle på fortau dersom det vert gjort med aktsemd, og fullt ut på fotgjengarane sine vilkår. Det er forbode å køyre med bil eller motorsyklar på fortau, og parkere heilt eller delvis på eit fortau. Ved kryssing av fortau med bil ved inn- og utkøyring til eigedomar, har dei køyrande vikeplikt for forgjengarane og rullestolbrukarane på fortauet.