Fredrik III av Danmark-Noreg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fredrik III (18. mars 1609–9. februar 1670) var ein dansk-norsk konge av Oldenborgslekta.[1] Han innførte den kongelege arveretten – einevelde – i Danmark-Noreg og gjorde len om til amt.
Kjappe fakta Regjeringstid, Fødd ...
Fredrik III | |||
| |||
Konge av Danmark og Noreg | |||
Regjeringstid | 1648–1670 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 18. mars 1609 | ||
Fødestad | Haderslev | ||
Død | 9. februar 1670 | ||
Dødsstad | Københavns slott, København | ||
Gravstad | Roskilde domkyrkje | ||
Gift med | Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg | ||
Dynasti | Fyrstehuset Oldenburg | ||
Motto | «Herren vil være mit forsyn» | ||
Far | Kristian IV av Danmark-Noreg | ||
Mor | Anna Kathrine av Brandenburg | ||
Born | Prins Jørgen, Kristian V av Danmark-Noreg, Anna Sophie av Danmark, Frederikke Amalie, Vilhelmine Ernestine, Ulrika Eleonora av Danmark, Ulrik Fredrik Gyldenløve, Frederik Oldenburg, Dorothea Oldenburg |
Lukk
Fredrik var den nest eldste sonen til Kristian IV av Danmark-Noreg og Anna Kathrine og fødd på Haderslevhus. Den eldre broren Kristian døydde i 1647, og den nye tronfølgjaren Fredrik tok over trona etter far sin året etter.
Fredrik hadde gifta seg med den femtenårige prinsessa Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg i 1643. Dei fekk åtte barn saman, fem jenter og tre gutar. Kongen og dronninga vitja Noreg i august 1648, der han blei formelt hylla og saluttert med 3 000 kanonskudd.[2]