Frode Estil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Frode Estil (fødd 31. mai 1972) er ein norsk langrennsløpar frå Lierne i Nord-Trøndelag. Han fekk dei første verdscuppoenga sine i 1996 med ein niandeplass i eit sprintrenn i Reit im Winkl. Estil sin første verdscupsiger kom i Davos i desember 1999, der han vann ei klassisk tremil.
Frode Estil | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. mai 1972 (51 år) Sørli kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i |
Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 15 kilometre classical, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 4 × 10 kilometre relay, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – men's 30 kilometre pursuit, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007 |
Utmerkingar |
Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten, Nord-Trøndelag fylkes kulturpris |
Estil er kjent for sine raske taktomslag i bratte motbakkar, denne evna har han bruka til å avgjera fleire spurtduellar i sin favør. I 2007 vart Frode Estil tildelt Holmenkollmedaljen saman med Simon Ammann, Odd-Bjørn Hjelmeset og Dronning Sonja.