Hen and Chicken-øyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hen and Chicken-øyene (vanlegvis kjende berre som Hen and Chickens, «høna og kyllingane») er ei øyrekkje aust for Northlandhalvøya utanfor kysten av Nordøya på New Zealand. Dei ligg tolv km aust for Bream Head og 40 km søraust for Whangarei.
Øyene vart namngjevne av kaptein James Cook, som først såg dei i 1769. Namnet kan ha vore inspirert av eit gammalt namn på stjernehopen som no vert kalla Pleiadane (og kalla Matariki på maori).
Opphavleg høyrde øyene til maoriiwien Ngā Puhi, som selde dei til den newzealandske staten i 1883. Øyene vart gjorde til eit naturreservat i 1908 på grunn av den sjeldne flora og faunaen sin, og dei vart ein fristad for dyreliv i 1953. Hen+øya var seld av maoriane nokre år tidlegare, då øya vart kjøpt av Thomas Outhwaite frå Auckland i 1872. Dotter hans, Isa Outhwaite, testamenterte øya til nasjonen i 1927, og ho vart også gjort til eit naturreservat.
Øyene er kjende for fuglelivet sitt, med koloniar av lirer og havsvaler, men også skogsfuglar som no er sjeldne eller utrydda på hovudlandet, i tillegg tuatara, eit firfisleliknande krypdyr.