Hoverla
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hoverla (ukrainsk Говерла, Hoverla; ungarsk Hóvár; rumensk Hovârla; Goverla, tsjekkisk og slovakisk: Hoverla, polsk Howerla, russisk Говерла) er med ei høgd på 2061 meter over havet det høgaste fjellet i Ukraina og ein del av Karpatane. Fjellet ligg aust i Beskidane i Tsjornohora. Fjellsidene er dekte av bøk- og granskog, og over skogane ligg det fjellenger kalla polonyna på ukrainsk. På austsida av fjellet ligg hovudkjelda til elva Prut.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Hoverla | |||
Говерла | |||
fjell | |||
Hoverla, september 2003 | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Del av | Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane | ||
Fjellkjede | Tsjornohora (Karpatane) | ||
Topp | Vest-Ukraina | ||
• høgd | 2 061 moh. | ||
- koordinatar | 48°09′36″N 24°30′01″E | ||
Hoverla 48.160277777778°N 24.5°E / 48.160277777778; 24.5 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Hoverla | |||
Lukk
Seint på 1800-talet vart fjellet eit kjent turistmål, særleg blant turistar frå nærliggande byar i Galicia. I 1880 var den første turistruta mellom toppen av Hoverla og Krasny Luh markert av Leopold Wajgel. Året etter vart den første hytta bygd her.