Kaçkarfjella
ås i Georgia Og Tyrkia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kaçkarfjella (tyrkisk Kaçkar Dağları) eller berre Kaçkarlar er ei fjellkjede som stig opp frå svartehavskysten aust i Tyrkia.
Det høgaste fjellet i kjeda er Kaçkar Dağı med ei høgd på 3937 meter over havet, og fjellplatåa i kjeda ligg kring 3000 meter over havet. Fjellkjeda er den høgaste delen av Dei pontiske fjella. Kaçkarlar er dekt av isbrear og har ein alpin karakter med bratte fjellsider og mange fjellvatn. Området vart gjort til nasjonalpark i 1994. I parken vert det drive fjellturar, camping, fjellklatring og i stadig aukande grad heliskiing.[1][2]