Kakaotre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kakaotreet (Theobroma cacao) er eit tre i familien Malvaceae (tidlegare Sterculiaceae) som veks vilt i Sør-Amerika. Treet er eviggrønt og vert opptil 15 m høgt, har store, blanke, heilranda blad (om lag 10–40 cm lange og 5–20 cm breie) og små blomstrar som veks direkte ut frå sjølve stammen eller greinene, utan at det sit blad under dei (kauliflori). For å trivast treng treet eit fuktig klima med regelbundne regnskyll og god jord, og fordi det ikkje toler for sterk sol eller vind, må det vernast med skuggetre. Til det vert særleg bananplanter og Erythrina corallodendron, «kakaotreet si mor», brukt.
Kakaotre | |
Kakaotre | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Byttnerioideae |
Stamme: | Theobromateae |
Slekt: | Theobroma |
Art: | Kakaotre T. cacao |
Vitskapleg namn | |
Theobroma cacao |
Kakaotreet er eit av dei viktigaste kulturtrea i tropane, og vert dyrka i alle tropiske område. Den naturlege veksestaden til treet er ved foten av Andesfjella, i ei høgd frå 200–400 moh. nær Amazonas. Ho vart seinare innført til Mellom-Amerika av mayaene, og vart såleis allereie dyrka der då spanjolane kom. Ho har vidare vorte dyrka av dei indianske kulturane gjennom hundreåra.