Kaliningrad
by i Russland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kaliningrad (russisk: Калиниград, tysk: Königsberg, litauisk: Karaliaučius, polsk: Królewiec) er ein by i Kaliningrad oblast heilt vest i Russland. I 1946 vart namnet på byen endra frå Königsberg, og oppkalla etter sovjetfunksjonæren Mikhail Kalinin. Königsberg låg i den gamle tyske provinsen Aust-Preussen ved Austersjøen, som ved slutten av andre verdskrigen vart okkupert av Sovjetunionen. Kaliningrad oblast er ein russisk ekslave mellom Polen og Litauen, og er til lands fullstendig omringa av den europeiske unionen.
Kaliningrad Калиниград | |||||
---|---|---|---|---|---|
Gamle Königsberg midt i dagens Kaliningrad | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Kaliningrad oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1255 1286 | ||||
Borgarmeister | Aleksandr Jarosjuk | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
215,7 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
423 651 1 964,1 /km² | ||||
Koordinatar | 54°44′N 20°29′E | ||||
Høgd over havet | 4,8 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 236000–236042 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7) 4012 | ||||
Bilnummer | 39, 91 | ||||
Nettstad: www.klgd.ru |
Det gamle Königsberg har ei lang historie frå grunnlegginga i 1255. Det sovjetiske Kaliningrad vart først og fremst nytta som flåtebase under den kalde krigen, og er eit av dei fattigaste og mest nedslitne områda i Russland.
Mange innbyggjarar i Kaliningrad ynskjer at byen skal få sitt gamle namn attende, slik St. Petersburg gjorde i 1991. Det er starta ein kampanje for å få gjennom dette.