Kholargós
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kholargós (gresk Χολαργός, eldre form Cholargus) er ein tidlegare kommune i dei nordaustlege forstadane til Aten i Hellas, om lag 6 km frå sentrum av Aten. Frå 2011 er han ein del av kommunen Papágou-Kholargós i periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]
Meir informasjon Kholargós Lokalt namn Χολαργός, Geografi ...
Kholargós Lokalt namn Χολαργός | |
---|---|
Gate i Kholargós | |
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 38°00′N 23°48′E
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune | Attikí Nord-Aten Papágou-Kholargós |
Hovudsete | Kholargós (31 304 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 31 304 (2021[1]) |
Lukk
Namnet kjem frå demen Kholargos, som høyrte til stamma Akamantis (Ακαμαντίδα φυλή). Demen låg ikkje på same stad som forstaden, men nærare Kamateró, eller ifølgje nokre forskarar Peristéri eller Sepólia. Den mest kjende borgaren frå demen var Perikles.