Komotiní
From Wikipedia, the free encyclopedia
Komotiní (gresk Κομοτηνή, bulgarsk Гюмюрджина Gjumjurdzjina, tyrkisk Gümülcine) er ein by i periferieininga Rodópi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Han er hovudsete i kommunen med same namn og er hovudstad både i periferieininga og i periferien.
Meir informasjon Komotiní Lokalt namn Κομοτηνή, Geografi ...
Komotiní Lokalt namn Κομοτηνή | |
---|---|
Frå gamlebyen med hovudmoskeen og klokketårnet | |
Geografi | |
Stad | Thráki |
Koordinatar | 41°07′N 25°24′E |
Areal | 644,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Aust-Makedonía og Thráki Rodópi |
Hovudsete | Komotiní (51 732 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 65 243 (2021[1]) |
Folketettleik | 101,2 /km² |
Lukk
Komotiní har lenge vore ein travel gresk by og eit handelssenter ved krossvegen mellom sivilisasjonar. Byen har like over 50 000 innbyggjarar i tillegg til 13 000 studentar og soldatar.