Kongedømet Sicilia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongedømet Sicilia (latin Regnum Siciliae eller Sicilie; italiensk Regno di Sicilia, ofte korta ned til Regno) var ein stat i det som i dag er Italia. Det vart grunnlagd av Roger II i 1130 og varte fram til 1816. Kongedømet Sicilia dekte ikkje berre øya Sicilia, men òg heile Mezzogiorno-regionen i Sør-Italia, og fram til 1530 òg øyane Malta og Gozo. Det vart stundom kalla regnum Apuliae et Siciliae fram til 1282, då kongedømet vart delt i to. Frå den tida vart områda på fastlandet berre kalla Kongedømet Napoli. Etter 1302 vart det stundom kalla Kongedømet Trinacria. Ofte var kongedømet under ein annan monark, slik som kongen av Aragón, kongen av Spania eller Den tysk-romerske keisaren. I 1816 vart Kongedømet Sicilia slått saman med Kongedømet Napoli igjen og Kongedømet Begge Siciliar vart oppretta.
Regnu di Sicilia Kongedømet Sicilia | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Kongedømet Sicilia då grunnleggjaren Roger II av Sicilia døydde i 1154. Grensene var i praksis uendra i 700 år. | ||||
Hovudstad | Palermo | |||
Religion | Romersk-katolsk | |||
Styreform | Monarki | |||
Konge | ||||
- 1130-1154 | Roger II | |||
- 1759-1816 | Ferdinand III | |||
Historie | ||||
- Oppretta | 1130 | |||
- Delt i to | 1282 | |||
- Oppheva | 1816 | |||