Köln
From Wikipedia, the free encyclopedia
Köln (kölsch Kölle, nederlandsk Keulen, fransk og engelsk Cologne) er ein by i Tyskland ved Rhinen si vestlege breidd i delstaten Nordrhein-Westfalen. Byen er den fjerde største i Tyskland med tett opp til 1 million innbyggjarar, men ligg i Rhin-Ruhr-området, eit av dei største storbyområda i Europa med meir enn ti millionar innbyggjarar.
Köln | |
---|---|
Kölnerdomen med brua Hohenzollernbrücke | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Köln Kreisfri by |
Grunnlagd | 50 fvt. |
Geografi | |
Flatevidd - By |
405,15 km² |
Innbyggjarar - By (2015) - folketettleik |
1050 000 2 434/km² |
Koordinatar | 50°57′00″N 06°58′00″E |
Høgd over havet | 37 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 50441-51149 |
Telefon-retningsnummer | 0221 |
Bilnummer | K |
Heimeside: www.stadt-koeln.de |
Byen er ein av dei eldste i Tyskland og vart grunnlagd som ein romarleir i år 30 fvt. og vart på det tidspunktet kalla Colonia Claudia Ara Agrippinensis. Köln fekk bystatus i år 50.
Den kjende Kölnerdomen er sete for det romersk-katolske bispedømet Köln. Universitetet i Köln er eit av dei eldste universiteta i Europa, og vart grunnlagd i 1388. Det vart derimot stengd i 1798 før det vart opna igjen i 1919.
Köln er eit viktig økonomisk og kulturelt senter i Rheinland med over 30 museum og hundrevis av galleri. Utstillingar varierer frå lokale arkeologiske funn frå romartida til moderne kunst. I Tyskland er Köln òg eit viktig mediasenter med fleire radio og TV-stasjonar stasjonert her, som WDR, VOX og RTL Group.