Landplantar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Landplantar er ei plantegruppe som omfattar mange av dei best kjende plantane på jorda. I tillegg til landplantane er det berre enkelte algeartar som kan leva på land. Nokre landplantar har også tilpassa seg eit liv heilt eller delvis i vatn att.
Landplantar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta Engl., 1892 |
«Ilandstiginga» for om lag 440 millionar år sidan skjedde evolusjonært sett truleg via ferskvatn, ikkje via havkysten. Den næraste evolusjonære slektningen til landplantane er kransalgane.