Lêr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lêr (frå norr. leðr) er garva, hårlaus og ofte tjukk dyrehud brukt til å laga klede, skor, vesker, møblar, presenningar og andre ting ein ønskjer skal vera sterke og vasstette.
Hudene blir garva og tilreidd slik at dei skal halde seg mjuke, sterke og ikkje tørke eller rotne. Faguttrykket lêr blir i Noreg nytta om alle garva huder og skinn. Huder av store dyr, for eksempel kyr, hestar, elgar, esel og bøflar, blir kalla huder, medan huder av mindre dyr, for eksempel frå lam, kje, reinsdyr, rådyr og anna småvilt, blir kalla skinn. Lêr og skinn med pelshår går ofte under namnet pelsverk. Krypdyrskinn er i dag oftast erstatta av imitasjonar.