Máirtín O'Connor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Máirtín O'Connor er ein irsk trekkspelar frå Galway i Irland. Han har spelt i mange folkemusikkgrupper, som Skylark, Midnight Well, De Dannan og The Boys of the Lough. Som irsk folkemusikar var han ein av dei store drifkreftene bak Riverdance.[1]
Kjappe fakta Fødestad, Opphav ...
Máirtín O'Connor | |||
O'Connor spelar med Cara Dillon på Bristol Folk Festival i 2012. | |||
Fødestad | Galway i Irland | ||
---|---|---|---|
Opphav | Irland | ||
Instrument | Trekkspel | ||
Tilknytte artistar | Midnight Well, De Dannan, The Boys of the Lough, Skylark, Cara Dillon | ||
Verka som | Musikar |
Close
O'Connor byrja å spele då han var ni år gammal. Det første soloalbumet hans A Connachtman's Rambles etablerte han som solomusikar og gav han stor suksess hos musikkpressa. O'Connor har sidan gjeve ut tre album til, Perpetual Motion i 1990, Chatterbox i 1993 og The Road West i 2005.