Marseillaisen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Marseillaisen (fransk La Marseillaise) er nasjonalsongen til Frankrike. Han blei erklært som nasjonalsong den 14. juli 1795.
Songen blei dikta og komponert i Strasbourg natta mellom 24. og 25. april 1792 av den franske ingeniøren og offiseren Claude Joseph Rouget de Lisle som ein reaksjon på den austerrikske krigserklæringa mot Frankrike. Teksten er sterkt inspirert av fleire andre kjelder: Samtidige plakatar med slagord, salmar og tidlegare kampsongar.
Marseillaisen var opphavleg meint som ein kampsong for dei franske soldatane som marsjerte mot prøyssar-hæren som stod ved Rhinen. Songen blei raskt arrangert for militærorkester og spelt nokre dagar seinare ved eit festleg høve. Han fekk gjennombrotet sitt ved ein bankett i Marseille i juni same året, blei trykt og spreidde seg deretter over heile Frankrike. Han fekk namnet sitt då republikanske soldatar frå Marseille song han under innmarsjen i Paris den 30. juli 1792.