From Wikipedia, the free encyclopedia
Monkey Island er ein serie av eventyrspel, der dei fire fyrste spela i serien er utvikla av LucasArts. Spela i serien handlar om antihelten Guybrush Threepwood der han slit med å bli den mektigaste sjørøvaren i Karibia, spolere planane til daudingen og piraten LeChuck, og vinne hjartet til guvernør Elaine Marley. Handlinga til alle dei fire spela i serien inkluderer den løyndomsfulle øya Monkey Island.
Spela i serien blei i utgangspunktet skapt av Ron Gilbert, Tim Schafer og Dave Grossman. Gilbert verka på dei to fyrste spela i serien før han slutta i LucasArts. Grossman og Schafer jobba også på dei to fyrste spela, og dei fór også frå selskapet i etterkant. Rettane til Monkey Island-spela blei verande hos LucasArts, og dei to neste spela blei utvikla utan medverknad frå dei som planla spelserien i utgangspunktet.
Spelserien gjorde inntoget sitt i 1990 med The Secret of Monkey Island på Atari ST, Macintosh og IBM PC-plattformene. Spelet vart seinare sloppe for Amiga, Sega CD og FM Towns.
Dette spelet har blitt relansert 15. Juli 2009 i ein ny versjon kalla The Secret of Monkey Island Special Edition (MI:SE). Denne versjonen har fått same grafikkløysing som dei seinare versjonane, i tillegg til at ein òg kan spela spelet med originalgrafikken, men utan stemmer. I tillegg til Windows-plattforma, har spelet også blitt lansert for iPhone.
Monkey Island 2: LeChuck's Revenge var det andre spelet i serien og blei sloppe i 1991 for færre plattformer; berre tilgjengeleg no på Amiga, MS DOS, Macintosh, og seinare på FM Towns.
Det tredje spelet i serien, The Curse of Monkey Island, blei sloppe i 1998 i Europa og var berre tilgjengeleg på Windows.
Escape from Monkey Island var det fjerde spelet i serien, og blei sloppe for Windows, PlayStation 2 og Macintosh.
Tales Monkey Island er det siste spelet i serien, og blei sloppe for Windows, Wii og Macintosh.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.