Nikolaj Nekrasov
russisk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
russisk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Nikolaj Aleksejevitsj Nekrasov (4. desember 1821–8. januar 1878) var ein av dei fremste russiske poetane i det 19. hundreåret.
Nikolaj Nekrasov | |
Verkeleg namn | Николай Алексеевич Некрасов |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 28. november 1821 Nemyriv |
Død |
27. desember 1877 (56 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, sjølvbiograf, litteraturkritikar, journalist, kommentator |
Språk | russisk |
Sjanger | dikt |
Ektefelle | Zinaida Nekrasova |
Nikolaj Nekrasov på Commons |
Nekrasov var fødd i Nemirov i den tids Tsar-Russland, dagens Ukraina. Han vart send til St. Petersburg for å verte utdanna til offiser. I staden skreiv han seg inn på universitetet. Far hans nekta han då vidare stønad, så den 16-årige ungdomen måtte slå seg gjennom på eiga hand.
År 1840 kom den fyrste samlinga av dikta hans, anonymt, og vart møtt med godvilje av kritikken. Året etter vart Nekrasov og litteraten Panajev eigar av tidsskriftet Sovremennik, i si tid starta av Aleksandr Pusjkin. Då Sovremennik vart forbode i 1866, overtok Nekrasov det kjende tidsskriftet Otetjestvennyja zapiski (Fosterlendske minne), som han redigerte til sin død. Frå og med 1856 kom det eine opplaget etter det andre av hans samla dikt ut (6. opplag i to band, 1895).
Etter Mikhail Lermontov var ingen russisk forfattar så omtykt som Nekrasov. Han refsa utan nåde det russiske samfunnet for dei manglane han såg. Mykje av det han skreiv, kom ikkje uskadd gjennom sensuren. Ein annan del av Nekrasovs dikt handlar om han sjølv, dei dystre minna hans frå oppveksten og lidinga. Den bitre nauda han gjekk gjennom i unge år, braut ned helsa hans. Nauda og lidinga hadde i hans eige augo gitt pengar eitt verd som gjorde at han til ein kvar pris måtte verte rik. Det vart han, særleg på grunn av si verksemd som publisist.
Han døydde i St. Petersburg i 1878.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.