Residensby
nemninga om ein by som er sete (residens) for ein fyrste eller den øvste styresmakta / From Wikipedia, the free encyclopedia
Residensby er nemninga om ein by som er sete (residens) for ein fyrste eller den øvste styresmakta.
Omgrepet blir brukt i Sverige (svensk residensstad) og tidlegare i Finland om den byen der styret i eit len og landshövdingen (fylkesmannen) held til. Normalt har svenske landsting si sentrale forvaltning lagt til residensbyen men det finst nokre unnatak. I dei nye «storlena», Skåne län og Västra Götalands län, har styresmaktene sin sentrale administrasjon i ein av dei tidlegare residenssbyane (Kristianstad og Vänersborg).