Samojedar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Samojedar er urfolk som lever delvis som nomadar på tundraen og taigaen nord i Russland og i det nordvestlege Sibir (frå området rundt Kvitsjøen til Tajmyrhalvøya, særleg ved elvene Ob og Jenisej) og snakkar samojediske språk.
Tidlegare fanst det fleire samojedar òg i Sajan-fjella i Sør-Sibir. Samojedane var opphavleg jegerar, men i dag lever dei stort sett av reindrift og fiske, og dessutan noko pelsdyroppdrett, jakt, jord- og skogbruk. Nganasan-folket var utelukkande jegerar til langt innpå 1900-talet. Den tradisjonelle religionen til samojedane har vore sjamanisme. Samojediske språk vert snakka av kring 30 000 menneske.