Santiago metropol-regionen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Santiago metropol-regionen (spansk: Región Metropolitana de Santiago) er ein av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile. Han grensar i nord og vest mot Valparaíso-regionen og i sør mot O'Higgins-regionen. I aust grensar han mot Argentina.
Kjappe fakta Land, Hovudstad ...
Santiago metropol | |||
delstat | |||
|
|||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Santiago | ||
Areal | 15 403,2 km² | ||
Type | Region | ||
Folketal | 7 112 808 | ||
Folketettleik | 460 / km² | ||
Santiago metropol-regionen 33.437777777778°S 70.650277777778°W / -33.437777777778; -70.650277777778 | |||
Wikimedia Commons: Santiago Metropolitan Region | |||
Nettstad: Gobierno Regional Metropolitano de Santiago | |||
Lukk
Det er einaste administrative region i landet utan kystlinje og inneheld hovudstaden i nasjonen, Santiago. Dei fleste kommersielle og administrative sentra er lokaliserte i regionen, inkludert Chiles viktigaste internasjonale flyplass, Arturo Merino Benítez internasjonale lufthamn.
Med eit areal på 15 403,2 km2 og folkesetnad på over 7 millionar, er det Chiles mest folkesette og tettast folkesette region.