Seille
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seille er ei elv i den franske regionen Lorraine, og ei av sideelvane til Mosel frå høgre. Ho vert òg kalla Seille lorraine eller Grande Seille («Store Seille») for å skilje ho frå elva Seille, ei lita sideelv til Saône.
- For den mindre sideelva til Soâne, sjå Seille i Saône-et-Loire
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Seille | |||
elv | |||
Seille ved Vic-sur-Seille | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 348 km² | ||
Lengd | 135 km | ||
Middelvassføring | 10,5 m³/s | ||
Kjelde | Azoudange i Moselle | ||
Munning | Mosel | ||
Seille 48.7247°N 6.7961°E / 48.7247; 6.7961 | |||
Wikimedia Commons: Seille | |||
Lukk
Ho har sitt utspring nær Azoudange, i départementet Moselle. Elva renn ut frå innsjøen Lindre, og renn i utkanten av landsbyen Dieuze og gjennom Vic-sur-Seille og Nomeny, før ho munnar ut i Mosel ved Metz. Ho er 135 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 348 km². Det meste av elva renn igjennom departementet i Moselle, bortsett frå ein del mellom Aulnois-sur-Seille og Cheminot i Meurthe-et-Moselle. Seille er òg grensa mellom Moselle og Meurthe-et-Moselle frå Chambrey til Aulnois-sur-Seille.