Sphaerodactylus
krypdyrslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sphaerodactylus er ei artsrik slekt av svært små gekkoar.
Sphaerodactylus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Orden: | Skjelkrypdyr Squamata |
Underorden: | Gekkota |
Familie: | Sphaerodactylidae |
Slekt: | Sphaerodactylus Wagler, 1830 |
Dei lever i Amerika frå Florida i USA til norddelen av Sør-Amerika, og er vanlege på dei karibiske øyane.
Den minste arten er Sphaerodactylus ariasae, som blei skildra i Den dominikanske republikken i 2001. Han er 16 mm frå snutespissen til rota av halen, og er dermed den minste arten av alle amniotar. Fleire froskar er mindre, så arten er likevel ikkje det minste av alle landlevande virveldyr.