Storpolske voivodskap
voivodskap i Polen / From Wikipedia, the free encyclopedia
Storpolske voivodskap (polsk województwo wielkopolskie eller berre Wielkopolskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg vest i sentrale delar av landet. Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Poznań, Kalisz, Konin, Piła og Leszno. Provinsen er kalla opp etter den historiske regionen kalla Storpolen eller Wielkopolska. Det moderne voivodskapet inneheld det meste av denne historiske regionen bortsett frå nokre mindre område i sørvest.
Storpolske | |||
voivodskap | |||
|
|||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Poznań | ||
Areal | 29 826,0 km² | ||
Folketal | 3 495 470 (2019) | ||
Storpolske voivodskap 52.333333333333°N 17.233333333333°E / 52.333333333333; 17.233333333333 | |||
Kart over fylka i voivodskapet.
| |||
Wikimedia Commons: Greater Poland Voivodeship | |||
Storpolen Voivodskap er det nest største i areal og det tredje folkerikaste i Polen med eit areal 29 826 km² og eit folketal nær 3,5 millionar. Hovudstaden er Poznań og andre viktige byar er Kalisz, Konin, Piła og Gniezno (ein tidlegare hovudstad i Polen). Det grensar til sju andre voivodskap: Vestpommerske voivodskap i nordvest, Pommerske voivodskap i nord, Kujaviskpommerske voivodskap i nordaust, Łódź-voivodskapet i søraust, Opole i sør, Nederschlesiske voivodskap i sørvest og Lubusz-voivodskapet i vest.