Tettstader i Møre og Romsdal
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er 89 tettstader i Møre og Romsdal fylke (2023). Av dei kallar desse seg by: Fosnavåg, Kristiansund, Molde, Ulsteinvik, Ålesund og Åndalsnes.
74 % av dei som bur i Møre og Romsdal bur i tettstadene, medan landsgjennomsnittet er 83 %. I Smøla kommune er det ingen stader som oppfyller SSB sine krav til tettstad.
Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for nærare informasjon om tettstadsomgrepet.