Toruń
From Wikipedia, the free encyclopedia
Toruń (tysk Thorn, kasjubisk Torń, latinsk Thorunium) er ein by nord i Polen ved elva Wisła. Han om lag 205 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Kujaviskpommerske voivodskap, etter Bydgoszcz. Nicolaus Copernicus vart fødd i den gamle mellomalderbyen Toruń, som er skrive inn på verdsarvlista til UNESCO sidan 1997.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Toruń | |||||
---|---|---|---|---|---|
Gamlebyen i Toruń frå venstresida av Wisła. | |||||
| |||||
Motto «Durabo» (Eg vil vare ved) | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Kujaviskpommerske | ||||
Grunnlagd Byrettar |
1200-talet 1233 | ||||
Borgarmeister | Michał Zaleski | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
115,72 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
207 381 1792/km² | ||||
Koordinatar | 53°2′0″N 18°37′0″E | ||||
Høgd over havet | 30 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 87-100 til 87-120 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 56 | ||||
Bilnummer | CT | ||||
Nettstad: www.torun.pl |
Close
Tidlegare var byen hovudstad i Toruń voivodskap (1975-98) og Pommerske voivodskap (1921-45). Sidan 1999 har Toruń vore sete for det sjølvstyrte Kujaviskpommerske voivodskapet, ein tittel han deler med Bydgoszcz. Desse byane og dei omliggande kommunaen dannar eit storbyområde.