Trieste
From Wikipedia, the free encyclopedia
Trieste (slovensk, serbisk og kroatisk Trst; tysk Triest) er ein hamneby i Italia. Han er hovudstad i provinsen Trieste i regionen Friuli-Venezia Giulia og har om lag 210 000 innbyggjarar. Byen ligg inst i Triestebukta ved Adriahavet.
Trieste | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
Italia Friuli-Venezia Giulia Trieste | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
84 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
207 069 2480/km² | |
Koordinatar | 45°38′N 13°48′E | |
Høgd over havet | 2 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 34100 | |
Telefon-retningsnummer | 0 40 | |
Nettstad: www.comune.trieste.it |
Trieste voks fram som ein del av Austerrike frå 1382 (Austerrike-Ungarn frå 1867) til 1918 og var av dei mest velståande hamnebyane i Middelhavet og eit stort senter for litteratur og musikk. Etter Austerrike-Ungarn kollapsa og Trieste vart ein del av Italia etter den første verdskrigen vart han mindre viktig både økonomisk og kulturelt.
I dag er Trieste ein grenseby. Folkesetnaden er ei etnisk blanding frå dei omliggande områda. Den dominerande lokale venetianske dialekten i Trieste vert kalla triestinsk (italiensk Triestino). Denne dialekten og det offisielle italienske språket vert tala i senter av byen, medan slovensk vert tala i forstadane. Det venetianske og slovenske språket vert rekna som det innfødde språket i området. Det finst òg små grupper med tysk- og ungarsktalande folk.
Økonomien til byen er avhengig av hamna og handel med dei omliggande områda. Gjennom den kalde krigen var Trieste perifer, men har etter kvart byrja å byggje opp at noko av den tidlegare rolla han hadde som senter i området.