Universitet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Universitet (frå latin universitas, heilheit) er eit ord på ein høgare utdanningsinstitusjon som gjev undervisning og driver forsking på ymse vitskaplege område.
Dei første universiteta vart grunnlagde i Bologna, Oxford og Paris omkring 1100-talet. Det eldste i Nord-Europa er universitetet i Rostock, grunnlagt 1419. Dei eldste skandinaviske universiteta er universitetet i Uppsala, grunnlagt 1477, og Københavns Universitet, grunnlagt 1479. I Noreg vart Universitetet i Oslo det første då det i 1811 vart grunnlagt som Det Kgl. Frederiks Universitet.
I løpet av seinmellomalderen vart universitet sett på som prestisjeprosjekt iverksett av fyrstar for å auke statusen til landet sitt.
I Noreg er universitet eit lovverna namn.