Ålesund kommune
kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ålesund er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Byen Ålesund er i dag regionssenter for heile Sunnmøre, han er kjend for sine mange bygningar i jugendstil, bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904. Ålesund kommune fekk sine noverande grenser etter kommunereforma 2020 då dei tidlegare kommunane Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og det meste av Sandøy kommune blei slåtte saman til nye Ålesund kommune.[3]
Ålesund kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Ålesund | ||
Areal | 371,34 km² | ||
- land | 353,38 km² | ||
- vatn | 17,96 km² | ||
Folketal | 58 509 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk[1] | ||
Ordførar | Håkon Lykkebø Strand[2] (Frp) (2024) | ||
Kommunenr. | 1508 | ||
Ålesund kommune 62.471238888889°N 6.1542388888889°E / 62.471238888889; 6.1542388888889 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Ålesund | |||
Nettstad: www.alesund.kommune.no | |||
Frå 1. januar 2024 vart Ålesund kommune delt, og Haram vart uskild som eigen kommune.
Heile landarealet inkludert innsjøar er no ca. 632 km²., meir enn det femdoble av arealet før år 2020, av dette er i dag 41 km² jordbruksareal.[4]
Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya åtskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle og Kingston upon Hull.
Byen ligg nær både rike fiskebankar og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn. I 1824 vart han eksportsenter for klippfisk til Spania, noko som førte til stor vekst og bystatus i 1848. På 1950- og 60-talet var Ålesund ei av dei viktigaste sildehamnene i verda.
Andre industriar som har vore viktige for byen er skipsbyggjing og trikotasje.