Étienne Marcel Bally (17. april 1923–10. januar 2018 var ein fransk friidrettsutøvar, fødd og død Vénissieux. Han vart i 1950 europameister på 100 meter.
Étienne Bally | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 17. april 1923 Vénissieux |
Død | 10. januar 2018 (94 år) Saint-Fons |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948 |
Bally vart fjerdemann på 100 meter då EM i friidrett 1946 vart avvikla i Oslo. I 1947 sette han personlege rekordar på 100 m med tida 10,5 sekund og på 200 m med 21,6 sekund. Året etter braut han forsøksløpet på 100 meter då Sommar-OL 1948 gjekk av stabelen i London.
Ved europameisterskapen 1950 i Brussel vann Bally gullmedaljen på 100 meter på 10,7. På 200 meter fekk han sølv på 21,8, Brian Shenton frå Storbritannia tok gullet. Saman med Jacquet Perlot, Yves Camus og Jean-Pierre Guillon vann Bally sølv i 4 x 100 meter stafett, einast Sovjetunionen sitt mannskap sprang fortare.
Under dei olympiske sommarleikane 1952 rauk Bally ut or 100-meteren i kvartfinalane, noko som gjentok seg på 200 m.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.