Île de la Cité er ei av to øyar i Seinen, og er Paris sitt geografiske og historiske sentrum.

For metrostasjonen med same namn, sjå Cité i Paris Metro.
Thumb
Île de la Cité sett frå Pont de la Tournelle

På vestsida av øya har det stått eit palass sidan romartida, medan austsida like lenge har vore vigsla til religion, særleg etter 900-talet då det vart reist ein katedral som stod der Notre Dame i dag står. Området mellom desse to var fram til 1850-åra hovudsakleg bustad- og handelsområde, men etter den tida har Préfecture de Police, Palais de Justice, sjukehuset Hôtel-Dieu og Tribunal de Commerce lege her. Berre dei vestlegaste og nordaustlegaste områda er bustadområde i dag.

Historie

Thumb
Restane etter ein romersk festningsmur under jorda ved Notre Dame
Thumb
Place DauphinePont Neuf (illustrasjon frå 1739)

Mange lærde meiner at det i 52 fvt., då Vercingetorix kjempa mot Julius Cæsar, budde ei lita keltisk stamme på øya kalla parisii. På denne tida var øya ein god stad for å krysse Seinen, og var òg ein tilfluktstad under invasjonar. Andre historikarar meiner derimot at Parisii-stamma heldt til på ei anna øy, som i dag ligg under vatn. Etter at keltarane var erobra, oppretta den romerske Labenius ein leir på øya, som seinare utvikla seg.

Seinare rømde romarane under St. Genevieve til øya då byen deira vart åtaka av «barbarar». Clovis grunnla ein merovingisk hovudstad. Øya heldt fram med å vere eit viktig militært og politisk senter gjennom mellomalderen. Eudes brukte øya som ein forsvarsstilling då vikingar gjekk til åtak i 885. På 900-talet vart det bygd ein katedral på øya (føregjengaren til Notre Dame).

Attraksjonar

Thumb
Île de la Cité sett frå vest

Tre mellomalderbygningar står att på Île de la Cité:

  • Katedralen Notre Dame de Paris vart bygd frå 1163 på same stad som ei tidlegare kyrkje for St. Étienne, som igjen var ein heilag heidensk stad i romartida. Under den franske revolusjonen vart katedralen hardt skada, og så restaurert av Viollet-le-Duc. Ein plakett på plassen føre katedralen markerer nullpunktet for målingar som går «gjennom Paris».
  • Louis IX sitt Sainte-Chapelle (1245) vart bygd som eit relekvieskrin for å huse Tornekrona og ein del av Den sanne krossen innanfor Palais de Justice.
  • Fengselet Conciergerie, der Marie Antoinette venta på å verte avretta i 1793.
Thumb
Île de la Cité 1609

Det eldste gjenverande bustadkvarteret er Ancien Cloître. Baron Haussmann øydela nokre av gatene, men vart sagt opp i 1859, før heile kvarteret forsvann.

Ein liten park nedst på øya vert kalla Vert Galant etter Henrik IV av Frankrike, den «grøne gallante» kongen. Her kan ein sjå ein liten plakett som viser staden der Jacques de Molay, stormeister i Tempelriddarane, vart brend på stake 18. mars 1314.

På oppsida av øya finn ein Mémorial des Martyrs de la Déportation, eit minnesmerke for dei 200 000 franske innbyggjarane som vart deportert til tyske arbeidsleirar under den andre verdskrigen.

Transport

Île de la Cité er forbunde med resten av Paris av to bruer på begge sider av elva, og til Île Saint-Louis. Den eldste brua som framleis står i dag er Pont Neuf ('Ny bru'), som ligg på vestsida av øya.

Øya har ein Paris Métro-stasjon, Cité.

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.