Øl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Øl er eit samleomgrep på alkoholhaldige drikkar brygga på korn. Øl er kjent frå oldtida og det første ølet vart truleg brygga for meir enn seks tusen år sidan. Også i Noreg har øl ein lang tradisjon. Gulatingslova hadde reglar med strenge straffer for dei som ikkje følgde reglane for ølbrygging, ettersom rituell brygging og drikking av øl hadde ei religiøs meining. Til dømes skulle joleølet drikkast til takk til Kristus og Maria for godt år og fred. I fylgje lova kunne ein bonde verte fråteken gard og grunn om han ikkje hadde brygga øl dei siste tre åra. Som regel vart då halvparten av eigendommen overført til kongen og andre halvparten til biskopen.
- Sjå òg varme
I eldre tid vart norsk øl laga av bygg eller havre og tilsett til dømes bark for å gi smak til brygget. Humle, frukta frå planta humle (Humulus lupulus), ei fleirårig slyngplante som høyrer til hampfamilien, vart ein del av oppskrifta på 1100-talet, og i dag er det rundt 40 sorter humle som vert brukt til ølbrygging.
Norsk øl vert i dag vanlegvis brygga av malt av bygg krydra med humle. Somme ølslag vert laga av kveite. Nokon ølsortar bruker andre eller fleire tilsettingar enn humle.
I Noreg har vi tradisjon for lokale bryggeri, sjølv om større selskap i stor grad har teke over. Det største norske bryggeriet er i dag Ringnes, som danske Carlsberg eig, og som har overteke fleire tidlegare sjølvstendige norske bryggeri og sentralisert produksjonen. Andre store bryggeri er Hansa og Aass. Mesteparten av ølet som vert seld i Noreg er pilsnerøl brygga i Noreg.