Ørsta
tettstad i Ørstad kommune / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ørsta er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg ved botnen av Ørstafjorden, omkransa av Sunnmørsalpane, og har 7 568 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1] Tettstaden omfattar heile den tettbygde delen av det tradisjonelle Ørsta sentrum og den tettbygde delen av Hovdebygda.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Ørsta | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ørsta | ||
Areal | 5,79 km² | ||
Folketal | 7 568 (2023) | ||
Folketettleik | 1 307 / km² | ||
Postnummer | 6150 ØRSTA | ||
Innbyggjarnamn | ørsting | ||
Preposisjon | i Ørsta | ||
Ørsta 62.1997°N 6.12889°E / 62.1997; 6.12889 | |||
Wikimedia Commons: Ørsta (village) | |||
Close
Ørsta er eit lokalt handelssentrum og er også eit senter innan møbel-, metallvare- og næringsmiddelindustri. Mellom anna har vegselskapet Saferoad og møbelprodusenten Fora Form kontor i Ørsta. TINE har eit meierianlegg lokalisert i Ørsta sentrum. Dette har vore truga av nedlegging som følgje av kostnadskutt, men drifta av anlegget vart vedteken ført vidare i 2016.[2]