Øya St. Anastasia
From Wikipedia, the free encyclopedia
St. Anastasia (bulgarsk Света Анастасия, Sveta Anastasija, tidlegare kalla Bolsjevik, Болшевик) er ei lita bulgarsk øy i Svartehavet. Ho ligg 1,5 km utanfor kysten nær Tsjernomorets og har eit areal på 0,01 km². Ho er den einaste folkesette øya utanfor den bulgarske svartehavskysten.
St. Anastasia | |||
øy | |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
St. Anastasia øy 42.467777777778°N 27.553055555556°E / 42.467777777778; 27.553055555556 | |||
| |||
Wikimedia Commons: St. Anastasia Island | |||
Øya har vulkansk opphav.[1][2] Ho har både elektrisitet og drikkevatn, og er kalla opp etter det tidlegare nonneklosteret St. Anastasia som låg her. Klosteret vart forlate i 1923, då øya vart omgjort til eit fengsel.
I 1925 gjorde 43 politiske fangar (kommunistar og antifasistar) leia av Teohar Bakardzjiev opprør og rømde frå øya og vidare til Sovjetunionen. Etter at kommunistane kom til makta i Bulgaria i 1945 blei øya kalla Bolsjevik til ære for dei. Den bulgarske filmregissøren Rangel Valtsjanov baserte filmen sin On the Small Island (bulgarsk На малкия остров) frå 1958 på denne hendinga.
I dag står det eit fyr på øya, i tillegg til ein pub, ein liten kai og fleire bygningar som gjev husrom til turistar. Om sommaren er det fleire daglege avgangar for båtar mellom Burgas og St. Anastaisa.[3]