Øyfjell stavkyrkje
tidl. stavkyrkje i Vinje i Telemark / From Wikipedia, the free encyclopedia
Øyfjell stavkyrkje er ifølgje Lorentz Dietrichson[1] nemnd berre to gongar i mellomalderen: 25. august 1401[2] og i 1453.[3] Kyrkja er omtala av Jens Nilssøn, som visiterte ho i 1595[4] og fortel at det vart ble halde gudsteneste åtte gongar i året. Samme stad går det fram at kyrkja var anneks til Lårdal, noko som varte ved til 1859, då Øyfjell vart lagd til Rauland.[5] I 1662 skal det ha vore behov for vøling. Ein synfaringsrapport frå 1668[1][6] skildrar ei stavkyrkje omgjeven av svalgangar, og det let til at kyrkja er i brukbar stand. Stavkyrkja vart riven i 1826, og ny kyrkje (dagens) vart innvigd i 1833.[6]