Aage Storstein (26. juli 19007. mai 1983) var ein norsk målar, frå 1946 professor ved Statens kunstakademi. Han var fødd i Stavanger og døydde i Oslo.

Kjappe fakta
Aage Storstein
Thumb
StatsborgarskapNoreg
Fødd26. juli 1900
Stavanger kommune
Død

7. mai 1983 (82 år)
Oslo

Yrkekunstmålar, professor
Språknorsk
Aage Storstein på Commons
Lukk
Thumb
Glassmåleriet bak altaret i Bodø domkyrkje er forma av Aage Storstein.

Liv og gjerning

Storstein studerte i 1920/21 ved tre ulike kunstakademi i Paris. I 1926 gjekk han i lære hos Henrik Sørensen og Per Krohg. Han debuterte på Høstutstillingen i 1924, til saman 12 gonger vart verk av han synt fram på Høstutstillingen. I 1937 deltok han med eit verk på verdsutstillinga i Paris. Året etter vann han tevlinga om utsmykkinga av vestgalleriet i rådhuset i Oslo, eit arbeid han fullførte til bygget vart opna i 1950. I si tid ved Statens kunstakademi hadde Storstein både Rolf Aamot og Gunnar S. Gundersen som studentar.

Storstein var sterkt prega av kubismen og la stor vekt på form og tilhøvet mellom form og farge i oppbygginga av verka sine. Han er særleg kjend for sine fresker i Oslo rådhus. Storstein er representert i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i Oslo, Rogaland Kunstmuseum, Bergen Billedgalleri og Moderna Museet i Stockholm, og fleire andre store kunstsamlingar.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.