Karl Ernst Adolf Anderssen (6. juli 181813. mars 1879), fødd og død i Breslau, Preussen, var ein sjakkspelar frå Tyskland som i ein periode blei rekna som verdas sterkaste spelar. Han er mellom anna kjend som vinnaren av to av dei mest kjende sjakkpartia i sjakkhistoria, «det udødelege partiet» mot Lionel Kieseritzky i 1851, og «det eviggrønne partiet» mot Jean Dufresne.

Kjappe fakta
Adolf Anderssen

StatsborgarskapKongedømet Preussen, Det tyske keisardømet
Fødd6. juli 1818
Wrocław
Død

13. mars 1879 (60 år)
Wrocław

Yrkesjakkspelar, faglitterær forfattar, sjakkomponist
Språktysk
Ektefelleingen verdi
Adolf Anderssen på Commons
Lukk

Adolf Anderssen vann dei tre største turneringane som blei arrangert medan han levde, London 1851, London 1862 og Baden-Baden 1870. Etter sigeren i turneringa i 1851 blei han rekna som verdas sterkaste sjakkspelar, fram til han tapte ein tvikamp mot amerikanaren Paul Morphy i 1858. Etter at Paul Morphy slutta å spele sjakk eit par år etterpå var Adolf Anderssen kanskje igjen verdas sterkaste aktive spelar. Men i 1866 tapte han ein ny tvikamp, mot Wilhelm Steinitz, som deretter kunne reknast som verdas sterkaste spelar, uoffisiell verdsmeister i sjakk.

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.