From Wikipedia, the free encyclopedia
Afrin (arabisk عفرين, ‘Afrīn, kurdisk Efrîn) er både eit distrikt og ein by i Aleppo guvernement i Syria. Distriktet Afrin omfattar byen med 36 562 innbyggjarar og 366 kringliggande landsbyanr, som Katma, Kastall, Kibar og Rajo.[1] Distriktet har 490 000 innbyggjarar og ligg like ved Kurdarfjellet. Distriktet har eit areal på 2 033 kvadratkilometer og består av sju kommunar: Afrin (senter), Jindires, Sharran, Mobetan/Maabatli, Rajo, Bulbul og Shaykh al-Hadid. Afrin tyder «fruktbar skaping» eller «velsigning» på kurdisk.
Afrin | |||
عفرين | |||
by | |||
Afrin i 2009 | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Aleppo guvernement | ||
Distrikt | Afrin-distriktet | ||
Nahiyah | Afrin | ||
Høgd | 270 moh. | ||
Koordinatar | 36.512396°N 36.854532°E | ||
Folketal | 36 562 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Afrin 36.511944444444°N 36.869444444444°E | |||
Kart som viser Afrin.
| |||
Wikimedia Commons: Afrin | |||
Elva Afrin Çayı flyt gjennom byen.
Den førte motstanden mot dei franske soldatane kom frå folk nord i Afrin. Byen vart sidan bygd ut av Frankrike som eit handelssenter.
Under den syriske borgarkrigen trekte syriske regjeringsstyrkar seg frå byen sommaren 2012. Folkevernseiningane (YPG) tok kontroll over byen kort tid etter.[2][3][4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.